Foredrag // Klimarisiko i Jotunheimen

21.12.2023

Velkommen til foredrag på Norsk Fjellsenter torsdag 25. januar, klokken 19.00. Korleis vil eit varmare klima påverke vêret og endre landskap, fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen? 

Naturfarar knytt til klimaendringar kan utgjere ein stor trugsel mot infrastruktur, innbyggarar og turistar. Forskarar i det tverrfaglege prosjektet "Klimarisiko i Jotunheimen" vil denne kvelden fortelja om ulike forskingsaktivitetar, svare på spørsmål og diskutere moglege framtidsscenario for Jotunheimen.Er du aktiv med arbeid eller ferdsel i Jotunheimen og vil bidra i møtet – og forskinga? Send bilde og kort beskriving av landskapsendringar som du har merka deg, og kanskje det blir eit innslag i programmet og i datainnsamlinga. Send ditt bidrag til albert@norskfjellsenter.no.

Følgjande forskingsinstitusjonar er involvert i prosjektet:

  • Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning ved Erlend Aarsæther og Albert Lunde
  • Universitetet i Oslo ved Bernd Etzelmüller
  • Meteorologisk institutt ved Ketil Isaksen
  • Vestlandsforsking ved Kristin Løseth og Halvor Dannevig
  • Universitetet i Stavanger ved Ove Njå og Albert Lunde
  • Høgskolen i Innlandet ved Bjørn Tallak Bakken

I tillegg er Klimapark 2469, Norsk fjellsenter og Lom kommune med i prosjektgruppa.

Prosjektet sitt hovudmål er å utvikle kunnskap om korleis fjellturismesystemet kan forhalda seg til fysisk klimarisiko i Jotunheimen. Dette inneber å klargjere omfang og lokalisering av moglege landskapsendringar og geofare i Jotunheimen, og spesifisere kva for tryggleiksutfordringar det vil kunne føre med seg for fjellturisme og redningsberedskap.Foredraget varar frå kl. 19.00 til 21.00.

Gratis inngang.

Foto: Live Sulheim
Foto: Live Sulheim